top of page

Smeltepunktet

Diplomprosjekt ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo.​ Våren 2026.

​

Prosjektet er gjennomført saman med
Mia Adele Gyllensten Johansen

​

Rettleia av:

Serina Tarkhanian 

Daniel Eugene Lacey-Mcdermott 

Nadja Simha Maayan Lipsyc ​

​Gjennom generasjonar har mennesket gradvis distansert seg frå naturen. Der urfolk og norrøne samfunn såg naturen som eit nærvær, møter me han i dag gjennom eit antroposentrisk blikk der ressursforvaltning står i sentrum.

​

Dette prosjektet tek utgangspunkt i norske isbrear, då dei står som sterke symbol på både kulturarv og klimaendringar. Med ei more-than-human tilnærming har me utforska korleis design kan brukast til å gjenoppbyggje relasjonen mellom menneske og bre i urbane miljø.

​

Resultatet er ein interaktiv, sanseleg installasjon der menneske møter Longyearbreen gjennom taktile og kroppslege opplevingar. Her kjennast breen sitt nærvær som ein invitasjon tilbake til økosystemet.

​

Velkomen!

Gjennom eit sanseleg møte ynskjer me å gje menneskjer i urbane miljøer ei erfaring av nærleik til Longyearbreen. Ei erfaring som samstundes trener evna til, og opnar for, å setje ord på relasjonar til det ikkje-menneskelege. Gjennomopplevinga håpar me deltakarane blir meir oppmerksamepå korleis dei forheld seg til isbreane og den øvrige naturen, ikkje som noko avskilt, men som del av eit fellesskap dei sjølv inngår i.

 

Målet er å skape ei kjensle av tilhøyrsle som utfordrar førestillinga om mennesket som heva over resten av naturen. Når denne tilhøyrsla erfarast på kroppen, opnar det for nye måtar å snakke, tenke, sanse og handle på. Me håpar opplevinga kan bli eit startpunkt for ny refleksjon, der både synet på isbreane og forståinga av sjølvet rørast. Deltakarane forlèt opplevinga med ein relasjon til Longyearbreen, og forståingav hans eigenverdi.

Oppbyggjing

Det sanselege møtet med Longyearbreen er satt
saman av fire delar:

smeltepunktet-element-netside-07.png
1. Invitasjon

Besøkande mottok ein invitasjon til eit sanseleg møte med Longyearbreen i forkant.

smeltepunktet-element-netside-08.png
2. Velkomsten

Besøkande blir møtt av plakatar, som inviterar til å sanse og oppfordrar til å røre installasjonen.

smeltepunktet-element-netside-09.png
3. Møtet

Det sanselege møtet med Longyearbreen satt saman av lys, video, naturelement og interaktiv teknologi.

smeltepunktet-element-netside-10.png
4. Refleksjonen

Besøkande blir invitert til å reflektere over kjensler som har oppstått i møtet gjennom å skrive eit postkort tilbake til Longyearbreen

smeltepunktet-forklaring-15.png

Innsikt

Ven av ein ven

Det er ikkje alltid like lett å besøke isbrear, særleg om vinteren. Me tok dermed kontakt med nokon av dei som kjenner isbreane våre best; ekspertane. Med ekspertar meiner me glasiologar, hydrologar, isbre-arkeologar, breførarar, is- og snøfysikarar, biologar, ismusikanter og naturfotografar.

 

I tillegg til deling av vitskap, forsking og framtidsscenario delte dei gledeleg eigne historiar og erfaringar med dei isbreane dei hadde best kjennskap til. Historiane veksla mellom glede og sorg, og ei livleg skildring av dei norske isbreane. 

 

Ei felles frustrasjon over klimaendringar og formidling kom fram. Relevansen av prosjektet Smeltepunktet vart tydeleg gjennom deira engasjement og eit ynskje om å utforske nye måtar og kommunisere natur på.

Om å stifte eigne venskap

I løpet av prosjektet klarte me likevel å bli kjent med to isbrear; Hardangerjøkulen i Sør-Norge og Longyearbreen i Arktis. Det er desse isbreane som har vore utgangspunkt for utforsking og refleksjon. 

​

Under feltstudiene samla me material i form av lyd, bilete, video og naturmaterial som is og morene i tillegg til å føre eigne dagbøker for setje ord på dei kjenslene som oppstod under møtene. ​​

​Etter å ha besøkt breane skildra me dei slik:

Hardangerjøkulen verker skeptisk til nye kjennskap og gjer seg vanskeleg å besøke. Ho skjuler seg i landskapet, omfamna av bratte fjellsider og kraftige elver ho sjølv har vore med å forme. På avstand kan ho verke skremmande, men med tida blir det tydeleg at ho ikkje vil nokon vondt. Ho fortel villig si eiga fortelling med rørsle, som ein grasiøs ballerina der bresprekkene kan minne om folder i eit skjørt, djupe og fulle av historie. Når du får vere i hennar selskap over tid oppstår ei behageleg stillheit. Ei overveldande ro, som om alle bekymringar stilnar og du er avslappa. Ynskja velkomen. 

Longyearbreen er mystisk. Han våkar over historier som ikkje er fortalt. Han er nesten gøymd i dei kvite og bratte dalføra, og smeltar saumlaust inn i landskapet. Eit landskap som ofte omfamnast av mørkeret. Frå utsida kan han stå fram som kald, men på innsida er han varm, vakker og uventa open. Akkurat no kviler han etter ein lang sesong med stor aktivitet. Han verker sliten, ute av stand til å motstå dei ytre og indre krefta som påverkar og former han.

Prosess og utforsking

Prosessen har bestått av fysisk prototyping, konsept- og idéskisser, utvikling av designkriterier og refleksjoner. Det har vore særleg utfordrande å navigere eit more-than-human designprosjekt med få kommersielle eksempel og forhalde seg til. 

​

​Eit viktig vendepunkt kom tidleg i prosjektet, då me fekk  avhalde ein workshop på Sustainable Development Goal-konferansen på Deichman Bjørvika i februar 2026. Her brukte me naturmaterial, video og lyd frå Hardangerjøkulen saman med interaktiv teknologi for å utforske om det i det heile var mogleg å kjenne nærleik til ein isbre i eit urbant miljø. I etterkant av workshopen vart deltakarar igjen for å snakke og reflektere saman. 

Teknologi

Teknologi er nytta med intensjon, og alltid for å forsterke naturen sitt eige uttrykk framfor og manipulere det. I den ferdige installasjonen nyttar me Micro:bit med ulike sensorar for å gjere den interaktiv. Ved berøring blir det sendt radiosignal til programmet Touchdesigner og bilete og lyd blir endra.

installasjon2.webp
Vil du høyre meir om prosjektet?
Ta gjerne kontakt!
bottom of page