top of page
IMG_2848.JPG
Mitt namn er Ingrid Malene Steinsland og eg kjem frå Modalen på vestlandet, men er busatt i Oslo!
1109.JPEG
Eg er ein kreativ, engasjert og glad designer som likar i å utforske.
Bachelor i Grafisk design
ved NTNU Gjøvik
Master i interaksjonsdesign ved Arkitektur- og Designhøgskolen i Oslo

I mitt desginarbeid legg eg stor vekt på brukarvennlegheit og typografi for å skape gode løysingar som både er funksjonelle og estetisk tiltrekkande. Eg likar spesielt godt å arbeide med bokdesign, typogtrafi og visuelle identitetar.
 

Hausten 2020 byrja eg på ein bachelor i Grafisk Design ved NTNU på Gjøvik, som eg fullførte våren 2023.  Etter tre år på Gjøvik tilegna eg meg mykje kunnskap om blant anna typografi, strategisk design, universell utforming samt å bruke ulike designverktøy. Eg er ein flittig brukar av illustrator og indesign og har god erfaring med photoshop, demension, after effects, figma, miro og glyphs.

Våren 2026 fullførte eg min master i interaksjonsdesign ved Arkitektur og Design høgskolen i Oslo. Det har vore to spanande år, med både fysisk og digitalt interaksjonsdesign. Her har eg bygd installasjonar og opplevingar, i tillegg til prototyping for digitale grensesnitt.

Ellers så...

er eg oppvaksen på ein liten sauegard på vestlandet, med skog, fjell og natur rett utafor døra. Eg er glad i friluftsliv, og blir gjerne med på både korte og lengre turer heile året. 

​

Utenom design har eg mange fritidsprosjekt, og har i det siste prøvd meg på blant anna strikking, møbelomtrekking, surdeigsbaking, hekling og buldring. 

bottom of page