
Kva om ein kunne reise i tid med Ruter-appen?
I eit fem vekers prosjekt i emnet Studio Editorial ved Arkitektur- og designhøgskulen i Oslo, leika eg og medstudent Mia Johansen oss med tanken om at det var mogleg å reise i tid. Like enkelt som det er å reise frå stad til stad med Ruter i Oslo.
Resultatet er Rutetidsreise, ein funksjon lagt til i Ruter-appen som lar deg utforske Oslo sine historiske lag. Ideen er konseptualisert gjennom ein reise tilbake til 2. verdskrig som hjelper deg å kople historiske hendingar til lokasjonar.

Innsikt og analyse

Prosjektet byrja med å kartlegge og analysere eksiterande funksjonar og oppsett i Ruter-appen. Me stilte oss spørsmålet: Kvar passar historieforteljing inn utan å øydelegge for eksisterande brukarfunksjonar? Altså, korleis kunne eit konsept som Rutetidsreiser skape minst mogleg støy og mest mogleg verdi.
Me nytta oss av matpapir og screenshots frå Ruter-appen, og markkerte element i grønn (rom for leik), gul (Tomrom) og raud (viktige funksjonar for reisande).
Analysen viste oss at startside og billettkjøp hadde mange avgjerande funksjonar for reisande. Likevel kartla me fleire tomrom og stader det var rom for leik.
Me tok med oss analysen og Ruter-appen inn i Figma og skissa rundt ulike plasseringar og utforming, slik at Rutetidsreiser skulle passe inn i appen slik den er i dag.









