top of page
IMG_2848.JPG
1109.JPEG

Mitt namn er Ingrid Malene og eg kjem frå Modalen på vestlandet. For tida bur eg i Oslo og tar master i interaksjonsdesign.

Eg er ein kreativ, engasjert og glad designer som er glad i å utforske.

Ta gjerne kontakt om det er noko du lurer på. Om det er noko eg kan hjelpe deg med. Eller om du har lyst å arbeide med meg.

Bachelor i Grafisk design ved ntnu gjøvik
Master i interaksjons-
design ved aho

I mitt desginarbeid legg eg stor vekt på brukarvennlegheit og typografi for å skape gode løysingar som både er funksjonelle og estetisk tiltrekkande. Eg likar spesielt godt å arbeide med bokdesign, typogtrafi og visuelle identitetar.

Hausten 2020 byrja eg på ein bachelor i Grafisk Design ved NTNU på Gjøvik, som eg fullførte våren 2023.  Etter tre år på Gjøvik tilegna eg meg mykje kunnskap om blant anna typografi, strategisk design, universell utforming samt å bruke ulike designverktøy. Eg er ein flittig brukar av illustrator og indesign og har god erfaring med photoshop, demension, after effects, figma, miro og glyphs.

Hausten 2024 byrja eg på master i interaksjonsdesign ved Arkitektur og Design høgskolen i Oslo, og ser fram til å tilbringe dei to neste åra her.

Ellers så...

er eg oppvaksen på ein liten sauegard på vestlandet, med skog, fjell og natur rett utafor døra. Eg er glad i friluftsliv, og blir gjerne med på både korte og lengre turer heile året. 

​

Utenom design har eg mange fritidsprosjekt, og har i det siste prøvd meg på blant anna strikking, møbelomtrekking, surdeigsbaking, hekling og buldring. 

bottom of page